Nettverket sitt er mandat er å sørga for å oppretthalda og vidareutvikla kompetansen på fagfeltet i Norge, og sørger for at oppløring er strategisk og koordinert.
Nettverket, som vart starta i 2015, består i dag av RVTS, statens barnehus, Bufetat, Ressursenhet V27 Betanien sykehus, nasjonalt klinisk SSA-nettverk og nasjonalt habiliteringsprosjekt.
Nasjonalt kompetansenettverk. Representanter fra RVTS, statens barnehus, Bufetat, Ressursenhet V27 Betanien sykehus, nasjonalt klinisk SSA-nettverk og nasjonalt habiliteringsprosjekt.
Gode drøftingar i god ramme
RVTS Sør hadde sørga for ei herleg ramme rundt dagane, me fekk til og med godt ver, og hadde tid til gode drøftingar om til dømes implementering av ulike AIM-kurs, oppdatering på kvarandre sine prosjekt og den kommande nasjonale konferansen i Bergen, 23.-25. mai 2023.
Ein nestor innan fagfeltet
På kvelden den 15. september hadde me festmiddag til ære for psykologspesialist Helle Kleive. Ho var med og starta opp Ressursenhet V27 Betanien sykehus. Denne spesialiserte BUP-klinikken er den einaste i sitt slag i Norge, og er den staden som fyrst starta med å gi utgreiing og behandling til barn og unge med seksualisert åtferd.
Kleive og kollegaer, som på mange måtar var eldsjelar og grundarar, søkte og skaffa seg både klinisk og forskningsbasert kunnskap, og har i alle år delt villig vekk til dei som måtte ynskja. Dei har heller ikkje avgrensa seg til sin eigen helseregion, men vore imøtekomande til fagfolk i heile landet.
Ein delekultur me ynskjer å føra vidare
Denne delekulturen ynskjer nettverket å føra vidare, og er veldig takknemleg for å vera ein del av. Me ynskjer Helle Kleive all lukke til som pensjonist og freelancer. Det er mogleg at pensjonistlivet ikkje blir altfor roleg.
Nyleg vart boka som ho har skrive saman med Kjersti Draugedalen, lansert. Boka er gitt ut på Universitetsforlaget og har fått tittelen «Skadelig seksuell atferd i skolen. Hvem kan hjelpe meg?» Boka gir konkret hjelp til særleg lærarar og andre som kan trengja guiding i korleis møta barn og unge med seksualisert åtferd.